mandag 28. mai 2007

Fjelltur i Hiruzenfjella

I dag har eg vore på fjelltur, i lag med Yamamoto san og Runar Li, prest i Hiruzen-kyrkja. Med ”bare” 15 grader og sol var det ein aldeles perfekt dag å gå mest 5 timar i fjellet på. Den høgaste toppen var ca 1200 meter. Ei utruleg flott oppleving å få med seg før eg snart reiser heim att. Her er nokre bilete, sjå - ser det ikkje herleg ut?

Inne i hytta laga for overnatting

Hytte til å overnatte i på toppen av fjellet


Utsikt over Hiruzen. Hiruzen Bible Camp ligg omtrent midt i biletet.


Daisen, det høgaste fjellet vest i Japan, kan skimtast i bakgrunnen.


Nesten alle me traff brukte hatt for å beskytte seg mot sola, pluss handklede til å tørke svetten.






2 kommentarer:

Inger sa...

Hei,Margaret!
Du blir stadig flinkare!
Eg lurer berre på korleis rekkefølgja på bileta er. Yamamoto såg litt tafatt ut på det første biletet. Elles skulle Runar hatt ein ryggsekk berre for fotoutstyr!

Dette er kanskje den første kommentaren du har fått? Du får prøve å svare, då.

Inger sa...

Det er noko som er feil med datoen her, for det er no den 30. idag?